Bøker du bør lese: Tørk aldri tårer uten hansker – Jonas Gardell

Denne hausten vil eg anbefale eit stykke skeiv nordisk litteratur frå nabolandet vårt, Svergie. Tørk aldri tårer uten hansker av Jonas Gardell er ein serie på tre bøker som følger ei gruppe homofile menn i Stockholm på 80talet, skrive av ein mann som sjølv var ung homofil på 80talet. Bøkene var fyrst utgitt i tidsrommet 2012-2013, og er i Noreg utgitt av forlaget Vigmostad Bjørke. Bokserien er og filmatisert og vart ein av Svergies mest sette tv seriar.

Ei bok som er sett til akkurat det homofile miljøet i Stockholm tidleg på 80talet handlar sjølvsagt om AIDS-krisen som ramma dette miljøet hardt på dei tider. Gjennom tre bøker med undertitlane 1: kjærligheten, 2: sykdommen og 3: døden møter me mellom anna Rasmus og Benjamin, to unge menn som trer inn i ein homofil vennegjeng om lag samtidig, men med veldig forskjellige utgangspunkt. Rasmus har visst lenge at han er homofil, men på den vesle staden han er frå er det ikkje rom for den slags, så han flytter til Stockholm for å kunne leve som homofil og vera den han verkeleg er. Benjamin har vakse opp i Stockholm som Jehovas vitne, og trur han har vunne kampen mot dei homofile lystene sine, heilt til ein mann ved namn Paul ser tvers gjennom han og inviterer han til julemiddag.

Bøkene hopper mykje fram og tilbake i tid, på ein fin måte som ikkje kjem i vegen for flyten i forteljinga. Dette gjer at me får møte hovudpersonane gjennom glimt av barndommen deira og tida dei er saman i Stockholm, men og gjennom skildringar av sjukehusopphald. Forfattaren legg på ingen måte skjul på at fleire av karakterane me møter ikkje kjem til å komme levande ut av det. I tillegg til stadige hopp i tid, hopper bøkene og mellom perspektiv. Me får følgja fleire av mennene som utgjer vennegjengen til Rasmus og Benjamin, men og familiane til Rasmus og Benjamin. På ein måte som ikkje svartmalar nokon av familiane skildrar forteljaren korleis dei opplever hendingane i bøkene.

Mellom skildringane av unge menn som elskar, vert sjuke og døyr presenterer og forteljaren oss for fakta om HIV og AIDS, og korleis det dødelege viruset vart omtalt i media når det fyrst byrja å ramme homofile menn i Vesten.

Dette er ein veldig personleg historie. På baksida av min kopi av den andre boka står det «Det som fortelles i denne historien, har skjedd. Alt er sant. Jeg var en av dem som overlevde. Dette er min og mine venners historie». Me finn ein variant av dette på alle bøkene, i ein annan farge enn den kvite skrifta som elles er å finne på omslaget. Jonas Gardell har og sjølv fortald at alt som blir omtalt i bøkene har skjedd. Dette personlege forholdet til temaet lyser gjennom i bøkene, som inneheld skildringar som ein vanskeleg kan sjå for seg komma frå nokon som ikkje sjølv opplevde krisen.

Dette verker så langt veldig mørkt og dystert, og det er det. Me kjem ikkje unna at dette er ein serie som skildrar forferdelege ting, men den er og så mykje meir enn det. Tørk aldri tårer utan hansker handlar om sjukdom, død og homofobi, men den handlar og om å elska på tross av at verda tilsynelatande jobbar mot deg og om å leva på tross av ei verd som på det verste ynskjer deg daud. Med vakker symbolikk, vellbalansert bruk av humor og fantastisk språk leverer Gardell ein alvorleg og viktig historie som måtte forteljast, på ein måte som treff meg som lesar hardt.  

Oda Helene Nysæter


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s