Min sønn – Arne Svingen (anmeldelse)

Tusen takk til Vigmostad og Bjørke for leseeksemplar.

«Du skal ære far din og mor di.» Slik lyder det fjerde bodet frå bibelen, og bodet som er inspirasjon for denne vaksenromanen av Arne Svingen. Boka er ein del av ein bokserie med fleire forfattarar, der kvar bok tek utgangspunkt i eitt av dei ti boda. Skal ein døma serien ut frå denne eine romanen vil eg seie at ein burde springa å få tak i dei bøkene som allereie har komme ut, og venta i spenning på resten.

Dei ti boda er kjente som universelle regler, regler som har vore ein del av samfunnsnormene våre i lang tid. Med første augnekast, og i ei perfekt verd, vil ein slik regel vere lett og riktig å følge. Kanskje er det dette inntrykket Arne Svingen vil sette spørsmålsteikn med gjennom denne romanen? Relasjonen mellom mor og son i romanen stiller bodet opp mot røynda. For i røynda er ikkje relasjonane mellom foreldre og barn så gode som me ønsker at dei skal vere. Veldig mange barn veks opp i familiar med varierande grad av problem. Familiar med dårleg kommunikasjon, familiar med omsorgssvikt, familiar der mor og far ikkje er på talefot. Alle desse problema står familien i «Min sønn» ovanfor.

Arne Svingen sett vår kjensle av korleis det fjerde bodet skal opplevast på prøve. For kva vil eigentleg skje når ei mor mistenkjer at den ho elskar over alle andre har gjort noko alvorleg gale? Kva har ho som mor lov til å tru om sonen sin? Kva vil skje om handlingane til mor og far ikkje er av ein slik karakter at dei burde ærast? Kanskje skal me ikkje alltid følge bodet, sjølv om det liksom skal vere ein universell verdi?

Relasjonen mellom mor og son i romanen blir skildra utelukkande frå mora sitt perspektiv. Kommunikasjonen mellom dei er dårleg, og har vore det ei god stund. Saknet av den gode relasjonen sett tona i romanen, men lesaren får avgrensa med tid før den skjøre relasjonen blir satt på prøve.

Eit ordtak seier at «du ser der ikkje før du trur det.»  Denne boka kan lesast som eit forsøk på å opne auga våre for det som skjer i tankane til ei mor som står i ei av dei vanskelegaste situasjonane ei mor kan vere i.

Etter å ha lese denne romanen kjenner eg at eg som lesar har blitt satt på prøve. Dette har skjedd både gjennom det kjente i romanen, som relasjonen mellom forelder og barn, men òg gjennom det som er fjernare for meg, det eg ikkje har erfaring med sjølv.

Alt i alt vil eg seie at dette er ein roman mange burde lese. Det er ein roman som gir deg motstand, og utfordrar tankane mange av oss sitt med. Det er eg overtydd om at me treng litt av alle saman.

-Eline Ø. Roaldsøy


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s