Tusen takk til Forlaget Oktober for leseeksemplar.
Virkelig igjen er skrive av Bendik Vada.
Med Virkelig igjen har Bendik Vada laga ei diktsamling som balanserer mellom røynd og fantasi, mellom angst og ei likegyldig haldning til verda som ein ikkje kan anna enn beundra. Denne balansegangen inviterer lesaren med på ei reise gjennom dikt som tidvis kjenst absurde og tidvis smertefullt jordnære.
Når det kjem til form skriv Vada dikt i varierande lengd utan noko fast form. Som lesar får me lite hjelp i form av rytme eller rimmønster, noko som gjer dikta noko svevande. Sjølv om dette krev litt meir av lesaren gir det noko til dikta, ved å styrke inntrykket av å vera søkande, som går igjen gjennom heile samlinga. Mangelen på ein openberr form gjer at rim og gjentaking treff hardare når dei vert nytta.
Virkelig igjen er eit identitetssøk. Spørsmålet om kven ein er vert stilt om att og om att med ulike ord. Gjennom spørsmål som kjenst meir og meir absurde undersøker forteljaren den menneskelege tilstanden som og kjenst meir og meir absurd. Det er ein tydeleg nostalgi over heile reisa, eit inntrykk av at denne søken er eit nytt behov. Forteljaren startar med å sei «før ble en virkelig i det man stod opp» og stadfestar ved det at dette ser ut til å vera eit problem som er særeiget for vår generasjon. På denne måten vender boka og eit kritisk blikk mot samfunnet me lev i, eller i det minste vår måte å leve i det.
På omslaget av boka vert me møtt av ein anatomisk illustrasjon av menneskekroppen, der ei hegre i ein gul sirkel dekker store deler av bryster. På same måte utgjer Hegra, som alltid er omtalt med stor forbokstav, eit kjerneelement i diktsamlinga. Forfattaren har gjennomgåande og uttrykksfylt nytta Hegra i poesien. Det er mykje symbolikk knytt til hegra, eller gråhegra som er den fuglen me på daglegtale omtalar som hegre. Hegra symboliserer ro, stille og tolmod. Dette gjer ho til ein god rettleiar i den heller desperate søken etter sjølvet. Den er og sett på som eit teikn på noko godt, og gir på den måten eit glimt av håp til det vanskelege prosjektet forteljaren tek på seg. Det er vanskeleg å snakke om Hegra utan å trekke ein parallell til Fuglane av Tarjei Vesaas. Hegra speler noko av den same rolla her som rugda gjer i Vesaas sin roman. Ho er ein rettleiar som eksisterer utanfor det menneskelege. Rett nok snakkar hegra til Vada tilbake til han med ord, noko som skil denne kommunikasjonen frå den me ser i Fuglane. Likevel er det noko kjend og trygt ved å få vende seg til ein fugl for råd igjen.
Eit anna symbol som dukkar opp eit par gongar i samlinga er jacarandaen, ein blom som symboliserer atterføding, vekst, velstand og hell. Blomen dukkar opp i ein del av samlinga der fleire dikt refererer til Tenochtitlan og Tlatelolco to aztekarbyar som var vokst saman innan spanjolane angreip Tenochtitlan på 1700-talet. Kanskje er dette forteljaren sin måte å rette søket etter meining og røynd mot fortida, og håpe at ei atterføding av ett eller annet som aztekarane gjorde rett kan gi eit svar. Hegra ser ut til å meine at det ligg eit svar der ein stad.
Eg klarer ikkje å hente noko klårt svar på spørsmålet om meining frå diktsamlinga, men kanskje er ikkje dette poenget. Kanskje er meininga berre å spørja, og det gjer eg. Tidvis kjenner eg spørsmåla i heile kroppen medan eg les, og kanskje er dette spørsmål der å søke er viktigare enn å finne svar. Uansett er dette ei diktsamling som er verd å lesa, og som eg kjem til å lese om att.
-Oda Helene Nysæter