Månadens bok – April 2020

Månadens bok i April 2020 er SKOGLAND – SAMLEDE FORTELLINGER av Thore Hansen.

 

Boka blei publisert i 2003 og samlar fortellingene Hansen skreiv i perioden frå 1988 til 2001. For meg var nokre av desse bøkene formgivande for min interesse i fantasy og det som gav meg leselysta når eg gjekk på borneskulen på 90-talet og rundt tusenårskiftet. Samlinga samlar 9 bøker frå Skogland-serien. Ho inkluderer også fleire av Hansen sine eigne illustrasjoner på både omslaget og inne i boka. 

91989097_817556725394360_2702507836276998144_n

Fortellingene introduserar fantasy på ein vakker måte til eit norsk publikum og bærer eit preg av norske myter og historier over seg. Samlingas fyrste bok, Gutten i Dragereiret introduserer deg til Skogland og skogmannen Gwan, menneskegutten Kaim og drageyngelen som følger dei på ferden mot ein fortapt by. Historien om Kaim er ikkje den einaste i Skogland, men den introduserer deg til eit univers av alvar, shimooler, skogmenn, menneske, dverger, troll og andre sagnomsuste skapninger. Skogland handlar om tydelege motsetninger, det gode mot det onde, om grådigheten og dets enderesultat. Om tragedie, tapt håp og gjenoppdagelse av håp, om skaperkraft og kampen mot det vonde. 

 

Skogland er ikkje eit action-fylt epos, men ei fortelling om livet, livets løp og korleis tid løper frå oss. Skogland forteller oss at sjølvom det går dårleg no, so blir det betre seinere, at eventyret ikkje er slutt. Rundt neste hjørne kjem det ein ny historie. Han forteller at det onde ikkje er noko utanfor oss, men ein del av oss og at me må bekjempa det heime med samarbeid, venlegheit og venskap. 

 

Om du vil ha ei god bok og ei fin verd å flykte inn i no i påska anbefalar me at du flykter til Skogland. Håp og eventyr ventar 

 

– Kristoffer Liland


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s