For nokre veker sida var me so heldige at me mottok me eit eksemplar av Nils-Øivind Haagensens bok, Det uregjerelige, publisert av Oktober forlag. Eg var spent på å lesa ei politisk diktsamling og det skuffa ikkje.
Det uregjerelige samlar ein mengde meiningsbodskap, politiske kjærleikserklæringer og personlege anekdotar frå livet til forfatteren. Bodskapa dekker store deler av livet til forfatteren, deriblant hentydninger til marxisme og sosialisme og me får gå nært innpå han sitt feministiske livssyn, sin kjærleik til venstresida og sin tristhet rundt uoppnådde mål om tryggleik for arbeidsfolk og kvinner. Han kjem med subtil kritikk av regjeringa, snakkar om smerten rundt 22. Juli, og reflekterar med håp rundt dei yngste, miljøet og Greta Thunberg. Det er lett å føla med forfatteren, anekdotane om livet som forfatter opplevast som hjartevarme refleksjoner på livet.
Over: Eit lite utdrag frå samlinga
Eg slukte denne lille boka og både gråt og lo meg gjennom den, det er ei vakker framstilling av menneske, livet, folk, politikk og samfunn. Boka framstår som reflektert, intelligent, tidvis humoristisk, tidvis trist og tidvis sint. Poesi som protesterer på virkelegheita treffer meg djupt i hjarterota. Boka er ein hyllest til ildsjelene, dei som protesterer, dei som seier i frå, og dei som har det tungt i kvardagen.
-Kristoffer Liland