Prøysen – ikkje berre den koselege onkelen

Dei fleste av oss har kjent til Alf Prøysen frå me var heilt små. Gjennom julesongar og historiene om Teskjekjerringa kjenner me den koselege barnetimeonkelen. Slik har han satt preg på fleire generasjonar av nordmenn. Eg vil gjerna visa at dette biletet av Prøysen som er retta mot barn, ikkje kan seiast å vera gjeldande for heile forfattarskapen hans. I tillegg til tekstar og songar retta mot barn skreiv Prøysen ein roman, seks drama, mange songstubbar og 753 prosastubbar meint for vaksne. Mange av prosastubbane handlar om barn, og kan få vaksne til å mimra tilbake til ei tid der me ikkje berre er uskyldige, men opplevde dramatikk i akebakkar og klasserom. Dette gjeld heilt bestemt ikkje for alle stubbane, kanskje ikkje ein gang fleirtalet av dei.

Den stubben eg opplever som den mørkaste av alle stubbane heiter «Kvinnfolk». Tvert imot kva tittelen kanskje seier handlar denne vel så mykje om mannfolk. Dei sladrar og dømmar kvarandre samstundes som dei arbeidar på åkeren gjennom ein heil sesong. Medan ein les denne stubben kan ein ana som i sidesynet historia om den unge jenta Ester som blir gravid utanfor ekteskapet. Ester blør, men latar som ingenting. Ester dansar mazurka med ungene i bygda. Ester slepper eit lite liv ned i Svartkulpen så det forsvinn for alltid.

«Og mannfolka ler.»

For det gjer dei. Gjennom heile stubben, mens det grusomme skjer, står mennene på sidelinja som ufølsame, kanskje til og med onde. Det minner oss på at Ester ikkje aleine er ansvarleg for det som skjer denne sommaren. Der ute, kanskje i form av agronomen som sliper knivar, finst det ein barnefar. Blant disse mennene som ler og ikkje ser alvoret i situasjonen går det ein som ikkje har blodspor ned langs beina, ein som ikkje må vera ansvarleg nok til å gjera det som må gjerast, ein som aldri vil kjenna på konsekvensane av vala sine.

«Kvinnfolk» blei skriven i 1954, då berre nokre få utvalte kvinner i medisinsk naud kunne ta ein abort lovleg. Det var steile kantar mellom arbeidarkvinnene på den eine sida og dei «gode,» religiøse på den andre. Den som arbeida for saka fortener betre enn å bli hugsa som koseonkel. Her er det bokstavleg talt snakk om liv og død.

– Eline Øverbø Roaldsøy


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s