Difor bør du lesa meir Science Fiction og Fantasy

“The only way of discovering the limits of the possible is to venture a little way past them into the impossible.” – Arthur C. Clarke

Populærkulturen innafor lesing og skriving er i veldig stor grad fortsatt i dag realismebasert. Med realisme definerer eg i denne artikkelen litteratur som skriv om skjønnlitterære hendinger og realiteter som skjer i vår verkelege verd, men er likevel typer fiksjonelle fortellingsformer. Dei største forfattarane i dei fleste bokbutikkar og toppselger-lister er gjengs over bøker skrivi i realistiske verdslege forhold. Dette er sjølvsagt greit, og kanskje ikkje veldig merkeleg gitt dei litterære trendene som har dominert det siste århundret.

Det er interessant då å sjå populærkulturen i film og seriar i større og større grad heller mot fantasy eller science fiction (eller blandinger av desse tvo). Dette kan illustrerast ved å gå på IMDB si liste over blockbustarar i 2019, i topp 25 finn du kun 2 filmar som ikkje er prega av fantasy eller science fiction. Litterærkulturen verkar å stå støtt på realismebasert litteratur, til eksempel finn ein kun ei bornebok i topp 15 lista til norske bokbutikker som ikkje er realistisk i si formgiving. Eg lurer på om dette kanskje ekskluderar mange leseinteresserte frå å plukka opp si fyrste bok.

Det er nokre unntak som er i ferd med å dukka opp i alt dette, og det veldig mykje takket vere film og serier som går på kino og i dei forskjellige straumetenestene. For eksempel oppfølgaren til “Tjenerinnens Beretninger” (Handmaid’s Tale), Testamentene (The Testaments), er ein science fiction serie som mange fyrst blei kjend med gjennom HBO. Game of Thrones har gjort at bokserien “En Sang om Is og Ild” (A Song of Ice & Fire) har fått fornya interesse. Det same er tilfellet for blant andre Phillip K. Dick si bok om det alternative utfallet av andre verdskrig; “Man in the High Castle”, serialisert av Amazon Prime og Terry Pratchett og Neil Gaiman sitt mesterverk, “Good Omens”, også serialisert av Amazon Prime.

Kanskje er underholdningskulturen vår blitt langt meir visuell enn litterær og at det dermed er difor desse verka vert populære no, lenge etter deira opprinnelege utgivelsesdatoar. Det burde likevel ikkje stoppa oss frå å undersøka science fiction og fantasy som endå ikkje er blitt filmatisert. Det er stor sannsynlegheit at i det neste tiåret vil mange klassiske verk innen fantasy og science fiction bli filmatisert eller serialisert i TV format, og mange som ikkje har undersøkt desse litterære kulturene vil endeleg få innpass i det eg meiner er tvo av dei viktigaste kulturelle tradisjonene i dette og det forrige århundret.

God litteratur tydar nok mange forskjellege ting for mange forskjellege menneske. For meg er det fyrst og fremst tvo ting som gjev god fantasy og god science fiction tyngde; dei stiller ofte særs konkrete spørsmål om vår etablerte verkelegheit og gjennom desse spekulerar i kva som hadde skjedd om tingene var organisert på denne spesifikke måten? Sekundært, dei gjer at du kan ta tvo steg tilbake frå verkelegheita me eksisterer i og opner boksen me erfarer livet gjennom. God science fiction inspirerar verkelegheita, endrar det beståande, opnar verdisyn opp til utforsking. God fantasy gjer det same, men opnar boksen for kva verkelegheita skal vere, og sett for seg problemstillinger i nye perspektiv. For eksempel i R. F. Kuang si debuttbok “The Poppy War” blir Japans overgrep mot Kina satt i kontekst av ei fantasiverd med magi drivi av opium og andre hallusinogen, det gjev eit innblikk i Kinesisk historie men skapar ei eiga verd som er vidunderleg og skremmande å utforska. I Andrzej Sapkowskis “The Witcher” serie som har blitt serialisert og popularisert via videospel og no nyleg gjennom TV-serien på Netflix får me sjå ei verd gjennomsyra av rasisme og maktspel, framandfrykt og heksejakt. Bøkene tek for seg rasismen mellam forskjellige raser som menneske, alvar, dvergar, gnomer og halvlingar, og ikkje berre på ein lettvint måte som i Tolkiens illustrering av rivalriet mellam Legolas og Gimli, men reell, voldeleg og hatefull rasisme som kjennes på kroppen og i samfunnet. Det er ei rå setting som illustrerer nokre av menneskeheitas verste tendenser og får deg til å sjå på dei djupare.

Science fiction og fantasy snakkast ofte om, i sin heilheit, som spekulativ litteratur. Det handlar om å spekulera, og nokre forfattarar innafor science fiction og fantasy har verkeleg mestra evnen i å spekulera om framtid, fortid, andre verder. I science fiction snakkar ein gjerne om dei tri store som Arthur C. Clarke (Rendezvous at Rama), Robert Heinlein (Starship Troopers), Isaac Aasimov (I, Robot). Desse skreiv i det som mange i dag omtalar som “The Golden Age of Science Fiction”. Her vil eg løfta fram ein fjerde kandidat som eg sjølv meiner alle bør lesa, og som burde likestillast blant desse. Nemlig Ursula K. Le Guin, ho var ein mesterfull spekulerande forfattar, og skreiv spekulativ litteratur som stilte spørsmål ved våre generelle standpunkt på kjønn, samfunnet, politikk, teknologi, krig, vold på måtar og gjennom linser som er særs uvanlege og som virkeleg gjev deg eit ytterblikk ein ellers kanskje ikkje ville klart å ta på seg. Hennar tvo mest kjende serier er Jordsjø serien (Earthsea) og hennar science fiction-serie som på engelsk heiter the Hainish Cycle. Ursula er ei kvit kvinne frå USA, men er kjend for uttalelsen sin om at menneskeheta er ei regnboge, og brukar få kvite menneske i illustreringa av hennar verder fordi ho meiner at til sjuende og sist er me alle ein rase og me kjem til å blanda oss alle saman til ein svær regnboge.

I Hainish syklusen er det kanskje “The Left Hand of Darkness” (1969) (Mørkets Venstre Hånd, 1980) ho er mest kjend for då denne boka har mottatt blant andre Hugo prisen, og er ei av dei fyrste bøkene i sjangeren feministisk science fiction. I denne boka møter du jordbuaren Genly Ai som er sendt til planeten Gethen av det Ekumenske rådet, ei fri samling av planeter som samarbeider. Gethen er bosatt av ein menneskerase kor alle individ er tvokjønna, og skifter gradvis mellam kjønnene. Genly må jobba seg gjennom forskjellene dette skapar i kulturen for å prøva å få Gethen til å bli med i det Ekumenske rådet.

Ursula K. Le Guin  står ut som ein veldig progressiv forfattar i ein tid der science fiction kulturen i stor grad var dominert av menn, og særs prega av sexisme som kanskje er det største problemet eg har med eldre fantasy og spesielt science fiction.

Robert Heinlein og Arthur Clark brukte også like element gjennom å introdusera endra sosiale omstendigheiter, og stilla spørsmål ved blant andre mononormative romantiske forhold, økonomiske og sosiale system som anten del av verdsbygginga si eller som heilt konkrete problemstillinger slik som Robert Heinlein gjer i boka “Stranger in a Strange Land”. I boka Rendezvous at Rama av Clark har ein av hovudpersonene ei kone og born både på Jorda og Mars, mens i Heinleins Stranger in a Strange Land og The Moon is a Harsh Mistress vert fri kjærleik (og til dels fleirkoneri) framstillt som henholdsvis ein friere måte å leva på eller eit resultat av unike sosiale omstendigheter. Det skal sies at desse bøkene også har eit slags mannsjåvinistisk perspektiv på det som gjer sjølve framstillinga av dette noko problematisk for moderne lesere.

Science fiction og fantasy leiker meir med politikk, store spørsmål og historie gjennom heilt unike linser. Heinlein presenterer alternativt eit demokrati som er avhengig av militærteneste for å få lov til å stemma (so spørs det kanskje om det kan kallast eit demokrati) i “Starship Troopers”, eller ein libertariansk revolusjon på månen som speiler den amerikanske revolusjonen med enkelte innslag av ein type polygam samlivsrevolusjon i the “Moon is a Harsh Mistress”, og i “Stranger in a Strange Land” handlar det om transendens, telepati, grokking (eit nyord som betyr å forstå djupt og empatisk), og bevega seg forbi det beståande inn i ein transendent, opphøgd verkelegheit. Hippiene både elska og hata Heinlein for sine verk og han skapar fortsatt mange debattar om sin litteratur i dag.

Science fiction og fantasy gjev deg høve å kjenna på andre verkelegheiter, erfare tankane til og livene deira og gjev nye perspektiver på vår tid, vår politiske, teknologiske og sansemessige verkelegheit. Desse sjangarene gjer at me, for ei lita stund kan “suspend disbelief” som det kallast på fagspråket. Med dette meinast at me kan skapa illustrasjoner av vår verd utan å bruka dei direkte konsepta me kjenner til her, og då setja til side det politiske, økonomiske og sosiale klimaet me eksisterer i og sjå på desse idéene og tankane gjennom nye linser slik som i Le Guins genderfluid menneskeart (som har blitt kopiert i mange seriar seinare, slik som i “Star Trek: The Next Generation”) og på denne måten kunne diskutera, sympatisera og kjenna på situasjoner frå andre perspektiv og føla empati med karakterene og kanskje seinare vidareførast som forståing og medkjensle med kampene LGBTQI+ grupper må gå gjennom. Me kan gjennom å gå vekk frå vår verkelegheit skapa heilt nye politiske, økonomiske og sosiale klima som ikkje like lett vil forhindre innleving fordi det allereie er etablert som noko utanfor vår verkelegheit. Andre utanomjordiske raser eller fantasiraser slik som romvesen, alver og dverger treng ikkje alltid å operera lik oss, og me treng ikkje forventa at dei skal det heller, det gjev oss eit handlingsrom til å sjå på konflikter og samarbeid, forskjeller og likheiter med forteneste i våre syn på ting i det verkelege og alt dette i ei spanande innpakking som gjer at me lever oss bort og erfarer spørsmålene gjennom fantastisk historiefortelling.

Me som eit samfunn har mykje igjen å diskutera, utforska og vurdera. Science fiction og fantasy gjev oss verktøy og andre auge å sjå gjennom og utfordra våre syn og tankar om ting som kanskje ville gått oss hus forbi før. Difor er dette mi utfordring til publikum; sjå på fantasy og science fiction som likeverdig litteratur, og sjå på framtid, fortid og nåtid gjennom bøker som spekulerar med spørsmålet:

Kva om?

– Kristoffer Liland


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s