Månedens instapoet – september 2018

Hver måned legger vi ut et innlegg hvor vi fremhever en instapoet. Hva er en instapoet? – En person som skaper og poster lyrikk på appen Instagram.


Månadens instapoet er kontoen @ordvenger

Sidan dette er ein konto som poster dikt på nynorsk tenkte eg å skrive innlegg på same vis. (Me får sjå kor bra nynorsken blir, eg er ikkje så stødig lengre). Nynorsk er etter mi, og mange andres meining, det mest poetiske skriftmålet vårt. Difor blir eg alltid glad når eg ser dikt på Instagram som nyttar nynorsk. Dikta til @ordvenger er inga unntak.

Kontoen opptrer som anonym med ingen informasjon om kven det er som står bak. Han er også relativt ny, då det fyrste innlegget er i fra mars i år. Likevel har kontoen allereie fått 415 følgjere per dags dato. Eg kan godt forstå kvifor.

ordvenger

Mange instapoeter trur eg bruker sin konto som ein slags skrivebok der dei deler tankar, uferdige arbeid, prøver seg fram osb. Dette er noe av det eg synes er så fint med instapoesi, at ein har ein slik arena kor ein kan prøve seg fram og få tilbakemelding på arbeidet sitt. Likevel er det ein del kontoar som har eit meir «polert» uttrykk og kor dei gjerne poster litt sjeldnare. Eg tror denne kontoen hamner under denne kategorien. @ordvenger har ikkje så altfor mange postar sidan mars, men dei er gode. Eg kan sjå at dette er dikt som er vorten arbeida med og er gjennomtenkte.

ordvenger 2

Som mange andre instadikt er formen likeins. Dei er korte og konsise. Dette er noe som høyrer med til sjangeren, ettersom ein les dikt på mobilen og i farta. Då vil ein gjerne ikkje lese lange dikt. Men, dikta sei mykje. Kontoen har også ein samanhengande visuell stil kor alle dikta har likt format – maskinskrift på kvit bakgrunn.

ordvenger 6ordvenger 5

Eit tema som går mykje igjen i dikta er naturen. Diktaren tek naturen og bind han samen med kjensler i den menneskelige kroppen. Mange av dikta likner metaforar og bilete me har høyrd før, men eg meiner @ordvenger har funne nye måtar å vise dei på. Dikta er ikkje heilt like noko anna eg har lest. @ordvenger er ein flink ordsmed.

ordvenger 4ordvenger 3

ordvenger 1

Me kjenner igjen motiva. Storm i hjartet, plante frø, sol som tiner det iskalde hjartet osb. Men, det er skrevne med ein ny og spananade vinkling. Eg anbefaler absolutt å sjekke ut og følgje kontoen. Her kan det kome mykje bra lyrikk i tida som kjem.


Skreven av Katrine Tveito


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s