Ukens boktips er en fast spalte hvor studenter, ansatte eller gjesteskribenter gir sine boktips.
Nattefokk – Johan Theorin – 2008
Denne boka vart kåra til den beste svenske kriminalromanen i 2008, og det med god grunn. ”Nattefokk” er den andre boka i ei serie på fire kriminalromanar sett til Öland i Sverige. Snøfokket feiar innover kysten, med is og sno og kulde, og trekker alt med seg på sin veg. ”Åludden gård” er ein tidlegare fyrvoktarbolig med to fyrtårn. Den har stått tom lenge då Katrine og Joakim Westin frå Stockholm kjøper eigedommen. Husa er bygd av tømmer frå eit skip som forliste i 1846, og rykta seier at det nordre fyrtårnet berre lyser natta før nokon skal døy. Ekteparet Westin er ikkje overtruiske. Utpå hausten får dei høyre ei gamal historie om at garden kvar jol får besøk av dei døde. Etterkvart får vi også vite at det ikkje berre er ynskje om å kome seg ut av storbyen som har gjort at familien har flytta.
Boka er ei blanding av kriminalroman og spøkelsesforteljing. Det er ikkje berre gjenferd som er ubudne gjester på gardane, men tjuvar har også byrja å sirkulere i området. «Nattefokk» er også ei bok om sorg, og om korleis menneske taklar dette på ulike måtar. Det som gjer denne boka særskild god er den vedvarande spenninga. Dei truverdige karakterane og skildringane av Öland og Østersjøen gjev boka eit særs realistisk preg, sjølv om den tar for seg overnaturlege fenomen. Du skal ikkje vere lettskremt for å lese denne, og ein som lesar er aldri heilt sikker på om boka er mest grøssar eller krim.
Vil med dette også anbefale nokre lesevettreglar i fjellheimen:
- Planlegg lesinga og meld frå kor du sit. Ikkje la familien leggje ut på tur med deg lesande på utedoen.
- Tilpass lesinga etter evne og forhold. Bøker treng konsentrasjon. Bøker kan også vere tunge, så det kan vere lurt å ta med ei lita diktsamling dersom du har fått ansvar for å bere med deg forsyninga til 6 familiemedlem + hund.
- Ta omsyn til vêr- og skredvarsel. Det kan vere naudsynt å bytte ut boka med ein god spade i sekken ein dag. Dessverre.
- Ver førebudd på uvêr og kulde, sjølv på korte kapittel. Les ei bok der det går ann å hente seg inn att om du blir avbrote av til dømes eit lite snoras.
- Ta med naudsynt utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre. Det kan vere lurt å ta med seg eit fyrstehjelpsskrin enn ei bok om fyrstehjelpsskrin.
- Ta trygge leseval. Attkjenn skredfarleg terreng og usikker is. Det er ikkje alle bøkar som bør lesast i påska. Nokre kan skape meir bekymringar enn hygge. Bøker om hudkreft, skilsmisser og hyttebrann til dømes.
- Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er. Eventuelt sjekk sidetalet nedst til høgre.
- Vend i tide, det er ingen skam å snu – side, dersom du ikkje fekk med deg alt.
- Spar på kreftene og søk ly om naudsynt. Ikkje slit deg så ut at du ikkje orkar lese når du kjem fram. Det er nederlag, det.
God lesepåske!
Av Ingebjørg Nestestog Edland