Tidleg i februar hamna det ei lita, fin bok i postkassa mi. Jenta frå store, vesle Seljord, hadde gjeve ut si fyrste bok. Den straks 24 år gamle jenta heiter Svanhild Amdal Telnes og skriv ganske så fantastisk.
”Om nettene brukar mor dråpeteljar” er ei diktsamling der me møter Anna, ei jente som har hatt ein vanskeleg oppvekst. Mor hennar var dominerande og valdeleg, og utsette faren for overgrep. Anna har også ein bror som gjer ting brør ikkje bør gjere. No er Anna vaksen, og kjærast med Jakob, men fortida sit framleis i henne, og i boka dukkar barndommen opp i form av dikt skildra som polaroidbilete. Når Jakob og Anna bestemmer seg for å flytte inn med kvarandre, virkar det som om den avgjernaden triggar det Anna allereie slit med.

Diktsamlinga er delt opp i 6 delar, der vi i fyrste del fylgjer ei ung Anna, og som kjenner at det er noko som ikkje stemmer i tilveret. Det undrar meg kor mykje historie, sorg og kjærleik som kan samanfattast i fire små linjer. Men på berre fire små linjer er eg allereie djupt inne i Annas kjensleliv. Telnes får oss dratt inn i historia frå fyrste stund med eit tydeleg og rikt nynorsk språk. Tekstane handlar om å leve med traumar, om snudde omsorgsroller og om frykta for at slekt skal fylgje slekters gang.
POLAROID FRÅ JOLEFTAN,1994
Mor som syng:
Gjennom de fagre riker på jorden,
går vi til paradis med sang,
og ho trur på det.
Mor trur på paradis,
eg håpar helvete finst.
(s.60)
Då eg spurde Svanhild om å stille opp i eit lite intervju til litteraturbloggen, sa ho ja med ein gong. Midt i denne bokdebuten går ho også profesjonsstudiet i psykologi ved NTNU, noko eg vil tru tek mykje tid og merksemd. Korleis kombinerer ho studiar og skriving? Inspirerer studiane? Kanskje blir vi litt betre kjende med den unge forfattarinna etter denne spyrjerunda.
Korleis kjennes det å ha ei bok der ute saman med etablerte forfattarar? Har du fått nokon reaksjonar endå?
Det kjennes veldig, veldig fint, men tek litt tid å venje seg til tanken. Eg driv vel framleis og jobbar med den saken. Eg har fått mykje god tilbakemelding, både fin omtale i Dagbladet og Dag og Tid og tilbakemelding frå venner og kjente som har blitt engasjert.
Kva var motivasjonen bak denne diktsamlinga? Er det helst dikt du likar skrive?
Det er dikt eg har skrive mest av tidlegare og det er nok den sjangeren eg kjenner meg mest «heime i.» Når det er sagt, fekk eg prøva meg i fleire ulike sjangrar i løpet av året på Skrivekunstakademiet, og fekk gode lesingar av prosaen min òg. Det er fleire som har lurt på kvifor eg ikkje har skrive ein roman når narrativet er såpass tydeleg. Eg syns at diktforma gjev ein anna måte å skrive denne historia på, ein kan vere knappare og gjere det både meir eksplosivt og lyrisk på same tid, det syns eg er ein spennande kombinasjon. Dikt passar òg minnearbeid veldig godt, sidan ein ofte hugsar i glimt, og ikkje nødvendigvis med alle transportetappane ein roman må ha med for å henge saman. Akkurat kva som er motivasjonen bak denne samlinga syns eg er vanskeleg å svare på. Eg er interessert i skeive maktstrukturar og syns me treng meir fokus på at begge kjønn kan vere den aktive valdsutøvaren i nære relasjonar, men det var aldri slik at eg sette meg ned for å skrive om det. Historia om Anna og familien kom fram litt undervegs, ofte via at eg utvida motiva i dikta og brukte dei fleire gonger.
Har du ein favorittforfatter eller favorittbok?
Eg er frykteleg svak for Per Petterson, men har problemer med å velje kva for ei bok av han eg likar best. Trur det må bli Jeg forbanner tidens elv. Ruth Lillegraven syns eg skriv utruleg vakre dikt, og då eg las Urd satt eg att med ein følelse av at eg var lei meg for å ha slukt den. Det var så trist å vere ferdig. Då hugsar eg at eg tenkte at det ville eg ha som mål, å skrive ei bok som folk syns er trist at tek slutt. Det er eit litt hårete mål, men nå har eg i alle fall skrive ei bok, så får me sjå om eg oppnår det andre.
Du har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen, korleis var det?
Året i Bergen var heilt fantastisk! Eg er full av lovord om den skulen, undervisningsopplegget og dei som jobbar der, men då kunne eg fort ha fylt heile intervjuet med det. Men året blei i alle fall veldig viktig for skrivinga mi. Det var heilt nytt for meg å få eitt nettverk av andre skrivande som eg kunne snakke om litteratur med, og i tillegg fekk eg meg ordentleg gode venner. Me var ei klasse med stort fokus på kos (ført ann av meg sjølv og Priya Bains, som var forkvinner av Kosekomiteen) og det var mykje vaflar, brettspel og fine pratar. Året gav meg ein sjans til å fokusere fullt og heilt på skriving og lesing, og boka hadde aldri komme ut no om det ikkje var for det året. Såpass mykje tid tek eit fulltidsstudium at eg syns det er utfordrande å få skrive noko særleg på fritida, spesielt når eg nærmar meg slutten av eit seksårig profesjonsstudie. Og tid treng ein for å skrive. Ein av lærerane i Bergen, Pedro Carmona-Alvarez, minte oss på at skriving kan gjerast over alt og mellom andre ting, for eksempel på bussen på veg til skulen. Det prøvar eg å ha med meg, men for å sluttstille eit prosjekt må ein jobbe meir intensivt.
Du går no profesjonsstudiet i psykologi ved NTNU i Trondheim, blir det tid til skriving mellom alt pensum? Eller blir du berre meir inspirert av dette studiet?
Det er som sagt travle dagar, med studie, sosialt og andre ting på fritida. Men det går litt opp og ned. Av erfaring veit eg at eg ofte skriv mykje i eksamenstida. Det er vel rein prokrastinering heller enn at eg er så veldig inspirert, men kan jo vere fint at det kjem noko ut av det. Når det er sagt, er eg opptatt av psykologiske problemstillingar også når eg skriv, så slik sett går studie og skrivinga fint saman.
Har studiet du går no påverka måten du skriv om kjensler på? I diktsamlinga skriv du om ei valdeleg mor, kontra ein valdeleg far – kvifor syns du dette er interessant?Eg er veldig interessert i korleis me har så vanskeleg for å tru at kvinner, og spesielt mødre, kan vere valdelege og gjere barna sine vondt. Dette strid heilt med biletet me har av korleis ei mor skal vere, og både omtale i media og korleis me snakkar saman som privatpersonar, er annleis når utøvaren av valden er kvinne enn når det er ein mann. Ein har ofte ein hang til å tru at kvinna har vore overtalt av ein mann eller blir pressa av noko utanfor seg sjølv, nesten som at ein fritek kvinna noko av ansvaret. Konsekvensane av denne motviljen til å sjå for oss at kvinner kan gjere det verst tenkjelege mot mann eller barn, er skremmande. Ein anna tematikk i samlinga er omverda si nøling med å gripe inn når dei oppdagar det som skjer i familien. Både frøken og helsesyster ser kva som skjer, men gjer aldri noko med det. Helsesyster er svært nær, så nær at ho står på døra med heva knoke og nesten bankar på i mange år. Som framtidig helsepersonell er eg (naturleg nok) oppteken av denne plikta me har, ikkje berre til å tru at det kan skje og oppdage det, men òg å setje sitt eige ubehag til sides og gripe inn.
Korleis vil du seie hovudpersonen Anna utviklar seg i løpet av boka?
Anna er i ein fase der ho arbeider med historiene frå barndomen, kanskje til og med for fyrste gong, i og med at møtet med Jakob i vaksen alder gjer at ho må ta stilling til det som har hendt ho. Ho utviklar seg gjennom å stole nok på han til å fortelje, og til og med komme så langt at ho ser for seg ei framtid, men mot slutten er ho tilbake til eit meir barnsleg reaksjonsmønster, for eksempel med at ho hiv Jakob sin frakk i havet. Jakob har blitt kritisert for å vere ein eindimensjonal karakter, men dette er eit bevisst grep. Eg har ikkje vore interessert i hans djubde og fleirdimensjonalitet, til å gjere han realistisk og psykologisk ville eg heller ha skrive ein roman enn ei diktsamling, og fokuset har heile vegen vore på Anna sitt svart/kvitt syn på relasjonane sine. Det er ikkje nyansert, men slik kan ein kanskje sjå verda når ein har opplevd den relasjonelle smerten ho har.
For dei skrivelystne lesarane av denne bloggen, har du nokre tips?
For meg har det vore viktig å dele og vise fram det eg har jobba med, slik at eg får testa ut undervegs korleis det virkar i møte med ein lesar. Det kan vere på skriveforum på nett (for ungdommar opp til 22 kan eg verkeleg anbefale trafo.no, det gav meg mykje hjelp i startfasen) eller å vise tekstane sine til andre som skriv eller er interesserte i å lese. På den andre sida veit eg om mange som likar å halde det dei har skrive heilt tett til bryset før dei eventuelt skal sende inn til eit tidsskrift, forlag eller ein skriveskule. Det viktigaste blir jo uansett å halde det i gang, skrive for at det gjev ein noko, og prøve å la seg vera ukritisk når ein er kreativ og heller vere streng i redigeringa. Viss eg blir for oppteken av korleis det skal vere eller sjå ut når eg skriv nye ting, stoppar det i alle fall heilt opp for meg. Eg må tillate meg å skrive mykje som ikkje blir bra og som blir lagt til sides, men innimellom der kjem tekstane ein blir meir fornøygd med og har lyst til å vise fram.
Så sat eg att med meir enn berre informasjon om boka etter desse utfyllande og fine svara. Eg sit att og er nyfiken. Nyfiken på Per Petterson, på om Amdal Telnes har noko meir på lur, nyfiken på om eg finn noko anna fint eller fælt dersom eg les boka ein gong til. Det er tøft og lese om vonde barndommar. Men det er ein kunst å skildre dei på denne måten, og eg trur boka kan gripe om hjarterota til ein kvar som får den i hendene.
Legg ved lenke til kor ein kan kjøpe boka, fyrsteopplaget er no utseld, men nytt opplag er bestilt.
Av Ingebjørg Nestestog Edland