Springbrett inn i litteraturens verd

Sidan vi nærmar oss påsketider og påskekrim, syns eg det høvde seg å skrive litt om oss som helst les påskekrim heile året. Det var nemleg gjennom skumle bøker eg verkeleg vart interessert i litteratur. Dei fleste av oss har ei bok dei hugsar godt. Anten fordi den var god, eller fordi den var dårleg. Eller fordi den gav deg mareritt.

Å lese bøker for meg er å skape ein bestemt stemning. Då eg var 12 år ville eg helst berre lese teikneseriar. Det var lett, det var mykje bilete, og det var ikkje skummelt å lese før ein la seg til å sove. Tolmod for lengre bøker var det ikkje mykje av. Dei gongene det var sett av tid til meir enn teikneseriar, var på ferie, eller fordi ein måtte det i skulesamanheng. På ein sydentur hadde eg lånt med meg ei bok av Roald Dahl frå det knøttvesle biblioteket i heimbygda. Eg var 13 år, og hadde akkurat byrja å nærme meg bokhylla på skulen som inneheldt skumle bøker. Spøkelsesforteljingane stod nemleg i ei hylle for seg sjølv, litt høgt oppe så ikkje dei minste borna nådde dit. Et hode kortere og andre hårreisende historier heitte boka. Eg låg mykje med frysningar på solsenga den sydenturen. Dette skulle bli starten på ein forkjærleik for krim- og skrekksjangeren.

1efd2397fa70893a5d64c2bb8015cecdc10c303cfabab8fdb85ede28

Det er likevel ikkje Roald Dahl si bok eg hugsar aller best. Ei anna av bøkene i akkurat den bokhylla hadde eit særskild fælt omslag, og tok litt tid før eg turte bla i. Spøkelseshistorier fra hele landet (1985) heitte den, med redaktør Leif Normann Rosse. Denne inneheld særs korte forteljingar, på ei til fem sider, og i fleire av dei les vi konkrete stadnamn og om historiske omstende kring personane som beretter. Boka tek for seg nissar, heimsøkte rosemålte kister, brureferd og oljehyrer, og kan skremme folk frå alle landets kantar. Forteljingane er både på nynorsk og bokmål, men har ikkje namngjevne forfattarar. Det kan med andre ord vere kven som helst som har skrive. Det gjer det i grunn berre skumlare.

ede9862626f13d7f74dbe795e5d97d9e9af0bcdeddcb43661166baf4

Drømmen, draugen og dauingen: grøssere og selsomme historier i norsk prosa med redaktør André Bjerke (1978) i spissen var den spøkelseshistoriesamlinga eg begav meg ut på etter å ha lest om skrømt frå ulike deler av landet. Ikkje visste eg kva ”selsomme” tydde, men det kunne ikkje vere noko frykteleg positivt. Det ville vore rart i denne samanhengen. Denne boka inneheld kjende namn som Per Christian Asbjørnsen, Jonas Lie, Arnulf Øverland og Knut Hamsun, og er ein fin måte å bli kjend med desse store litterære skikkelsanes stil på, på berre nokre få sider. Kvar historie blir innleidd med ei kort skildring av forfattarskap og personen bak historia. Det er vanskeleg å skulle avgjere ei bestemt aldersgruppe her, då både språk og form kan vere litt vanskeleg, og historiene kan rett og slett bli ganske ekle. Men som høgtlesing framfor peisen av ein vaksen, der ein kanskje på førehand veit kva som kjem, gjer at ein kan omformulere språket der scenene er litt valdsamme.

eed561c997935810a46da17f7ae3c6c1-image

Det er ikkje så lett å gå frå teikneseriar til å lese ei bok på 400 sider. Før eg begav meg ut på ein lengre roman, var det godt og lurt å lese noveller, korte historier samanfatta i ei bok. Dette gjorde at det kjentes overkommeleg, og ein kom også fort til poenget i historiene. Historiene i desse bøkene veit ein ikkje om er sanne. Dei blir framstilt sanne. Og då eg las dei for 10-12 år sidan, trudde eg dei var sanne. Dei var skrivne av namn eg hadde høyrd, og ein trudde på slike viktige folk. I tillegg er mange av forteljingane lagde til norsk natur og har stadnamn ein kanskje kjenner til. Dess skumlare historiene var, dess meir dratt inn i dei vart eg. Og dess meir ljos hadde eg på om nettene.

Etter kvart vaks kjærleiken min for denne sjangeren veldig. Eg har lest det eg kan av Stephen King, og likar generelt krim eller historier som tek for seg det unormale eller paranormale. Menneske er kompliserte, og fascinasjonen for historier med vendingar ein ikkje ser kome, som ikkje fylgjer ei forventa oppbygging eller som plutseleg tek livet av ein hovudperson, held fram med å setje støkk i meg. Det er slik ein hugsar. Men det er lurt å lese noko lett og lystig før ein legg seg så ein tør å sove med ljoset av. Ta til dømes teikneseriar.

Legg ved lenker til to av bøkene på Nasjonalbibliotekets heimesider:

Spøkelseshistorier fra hele landet: https://www.nb.no/items/ddddc74d42ea2f371b612c4dc78298e3?page=0&searchText=sp%C3%B8kelseshistorier%20fra%20hele%20landet

Drømmen, draugen og dauingen:
https://www.nb.no/nbsok/nb/c17e85886ef112170a21c10f58309ef6?index=35#

 

Av Ingebjørg Nestestog Edland


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s