Ukens boktips – Uke 06

Ukens boktips er en fast spalte hvor studenter, ansatte eller gjesteskribenter gir sine boktips.

 

Zweet – Marit Kaldhol – 2016 (ungdomsroman)

 

9788252187342_framside_538119b8-ae87-4624-9c7c-c30cf11a15b6
Biletet er i frå Samlaget

 

For dette boktipset har eg valt ut ein ungdomsroman. Nå kan ikkje eg lenger rekne meg sjølv som ein ungdom etter å ha fylt 26 år, men denne romanen las eg i forbindelse med eit emne eg tok i fjor om ungdomslitteratur. Dette blei ein av mine favorittbøker i dette emnet og er ei bok som har satt sine spor i meg.

Zweet handler om ein ungdomsskule som blir evakuert på grunn av ein livsfarleg gasslekkasje. Denne opplevinga får me høre om via tre tiandeklassingar som har ganske forskjellige utgangspunkt, Lill Miriam, Susan og Ruben. Lill Miriam er heilt ulik alle andre, ho bryr seg mest om honningbiene, og er ikkje så flink til å være sosial med menneskje. Lill Miriam har eit «syndrom», som gjer at ho ikkje takler verda på same måten som andre. Ruben er også annleis. Han har ikkje eit syndrom, men han høyrer likevel ikkje heime blant dei andre. Saman finn Lill Miriam og Ruben kvarandre, i eit heilt spesielt vennskap. Susan derimot er «som alle andre», og saman med dei andre plagar ho Lill Miriam, men innerst inne så veit ho ikkje heilt om ho synes det er greit…

I samband med det dystopiske plottet får me bli kjent med alle desse tre karakterane og korleis dei taklar både evakueringa av skulen og livet på skulen saman generelt. Bakgrunnhistoria og den pågåande historia er begge to gripande om mobbing, utenforskap og om det å finne seg sjølv. Samtidig får me også ein parallellhistorie om biene som Lill Miriam bryr seg så mykje om, som er skremmande lik hovudforteljinga, og veldig aktuell i dagens samfunn.

Men, det som utmerker seg spesielt er korleis Kaldhol har valt å skrive romanen. I Lill Miriam sine delar skriv ho heilt annleis enn i Ruben og Susan sine delar. Lill Miriam sine delar er prega av ho sitt «syndrom» som får ho til å tenke på ein heilt anna måte; det er knapt og stykkvis, raske tankar og lister, samt leksikonoppslag. Medan det hos Susan er stikk motsatt og blir skreven i ein tradisjonell prosastil, og Ruben sine delar er meir ein mellomting mellom dei to. Jo nærare Lill Miriam han kjem, jo meir lik ho sin skrivestil blir han sin skrivestil. Slik blir historia deira fortalt både via det dei seier sjølv og i korleis det fremstilt.

Denne romanen er ein tankevekkjer og ein heilt nydelig forteljing. Eg anbefaler han sjølv om du ikkje faller innanfor gruppa «ungdom».

 – Katrine Tveito


Ikkje heilt din smak? Kva med Ute av verden av Karl Ove Knausgård?

 


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s